fredag 1. april 2011
Draume kjøkken...
Tidlegare denne månaden datt 2 utgåve av mitt yndlingsblad ned i postkassa mi. Vakre hjem og interiør har blitt ein viktig del i oppussingsplanlegginga, og eg les side opp og side ned, eg blir aldri lei. Eg finn stadig eit eller ana i dette bladet som eg tenkjer kan passe på Nesmark. Denne utgåva var intet unntak! Denne gonga fann eg draume kjøkknet mitt, iallefall nesten....
Kjøkknet de ser på framsida av bladet er frå Svenske Kvanum ( a'en skal egentleg ha to prikkar over seg, men dette er litt meir en kva eg kan klare å få til på tastaturet, så det får bli uten...), kjøkknet er av typen Tradisjon og du finn mange ulike typer på sida til Kvanum. Eg er ikkje heilt overbegeistra for glasrutene med krysssprosser så eg sjekka sidene til Kvanum i håp om å finne noko som passa meg litt bedre, å sjå kva eg fann....
...mitt draume kjøkken! Ikkje overbegeistra for fargen, men det er ein smal sak å få fargen ein ynskjer seg (...skal godt gjerast å gjere meg til lags)... Noko eg er overbegeistra over er den er utruleg flotte benkplata, slik ynskjer eg meg også...
lørdag 12. februar 2011
Litt nytt i ideebanken!
Det er med golv som med tapet - eit HAV av ulike typer å velge i! Jammen godt me har god tid, for det kan ta tid å få bestemt seg... Her er litt av det me (eg...) "vaklar" i mellom...
Er så usikker på om me skal velge mørkt eller ljost golv... Har lenge vore ganske sikkre på at "me" (eg iallefall..) ville ha mørkt, men så kom eg over dessa bilda her...-så var eg plutseleg litt usikker at... Likar veeeeldig godt golvet på det siste bilde i innlegget...
![]() |
![]() |
| Bilda er henta frå www.gulvspesialsiten.no |
Er så usikker på om me skal velge mørkt eller ljost golv... Har lenge vore ganske sikkre på at "me" (eg iallefall..) ville ha mørkt, men så kom eg over dessa bilda her...-så var eg plutseleg litt usikker at... Likar veeeeldig godt golvet på det siste bilde i innlegget...
søndag 12. desember 2010
Hei igjen! + Litt om tapet...
Sjølv om det er "pause" i arbeidet på Nesmark for augeblikket,betyr det ikkje at me har teke pause frå "tankevirksomheten" rundt prosjektet Nesmark! Det "surrar" og "gjæng" dagen lang, iallefall inne i mitt hovud! ;-) Det har seg slik at eg til stadighet ser, på ulike bloggar eller i interiørblad,ting, orginale løysningar og ana interiør/eksteriør som eg syns er fint. Så fint at eg har lyst på det sjølv... Problemet er at eg etter ei tid gløymer hør eg har sett dei ulike tinga eg likar veldig godt... Tanken om å "samle" på idear inne på bloggen syns eg ikkje var så dom så nå vil det bli litt meir enn bare ein "restaureringsblogg" det vil bli min lille ideebank også!
Nå om dagen går eg rundt og drøymer om tapetar! Det ser ut til at me har falt på valget om å bruke tapet i stogene, dette fordi det tidlegare har vore tapet der, og rett og slett fordi det er kjempe fint! Så då kan ein så smått bjønde å sjå seg om etter "drømme" tapeten... Men du verden for eit "hav" med tapetar det finnes! Korleis skal me klare å bestemme oss...
Stogene som skal tapetserast...




...eit lite utvalg av tapetar eg meiner kan vere aktuelle...

Bilda er henta frå http://www.cole-and-son.com/home.asp.
Det er dei einsfarga og svakt mønstrete tapetane som er aktuelle,likar spesiellt godt den grå med svake striper (øverste bilde, nederst til venstre), men kanskje i ein ljosare farge... Den ljose med svakt kvitt mønster er også fin (nederste bilde,nederst til høgre)...
Nå om dagen går eg rundt og drøymer om tapetar! Det ser ut til at me har falt på valget om å bruke tapet i stogene, dette fordi det tidlegare har vore tapet der, og rett og slett fordi det er kjempe fint! Så då kan ein så smått bjønde å sjå seg om etter "drømme" tapeten... Men du verden for eit "hav" med tapetar det finnes! Korleis skal me klare å bestemme oss...
Stogene som skal tapetserast...

Bilda er henta frå http://www.cole-and-son.com/home.asp.Det er dei einsfarga og svakt mønstrete tapetane som er aktuelle,likar spesiellt godt den grå med svake striper (øverste bilde, nederst til venstre), men kanskje i ein ljosare farge... Den ljose med svakt kvitt mønster er også fin (nederste bilde,nederst til høgre)...
torsdag 21. oktober 2010
Opprydding før Herr Vinter kjem!
onsdag 13. oktober 2010
Endeleg ferdig!!!
fredag 17. september 2010
Riving av vegg...
Som sagt så måtte det rivast endå ein vegg... Det var ikkje bare lett å rive denne veggen, dette fordi det på innsida er ei trapp, ei ganske stor trapp også, som heng fast i denne veggen og ei "list" på veggen som er veldig flott og som me vil at skal vere der, den høyrer på ein måte til trappa... Men byggherren fiksa dette, og trappa og lista er vel bevart! :)
tirsdag 7. september 2010
Snart slutt - del 2...
Ein ting må ein vist lære seg når ein held på med restaurering av gamle hus - ein må ALDRI tru at ting er så enkelt og greit som det fyrst kan sjå ut til - bak ein toleg fin fasade kan det gøyme seg utruleg mykje råte... Det har min stakkar byggherre fått erfare, nok ein gong... Det som skulle bli siste og avsluttande del på takprosjektet blei vist noko meir... Her også må HEILE veggen rivast og byggast opp på nytt! Med andre ord det er IKKJE snart slutt på takprosjektet! Me hadde faktisk håpa å kunne feire at take var ferdig i desse dagar, men i staden må me regne med at ein ny månad går med til å få taket ferdig... Utruleg kjedelegt når ein hadde sett føre seg noko ana...

På bilde over står min kjære far og betraktar elendigheten...-då såg det ikkje så altfor gale ut,det skulle vise seg å bli mykje verre enn detta...


Abonner på:
Innlegg (Atom)











