tirsdag 7. september 2010
Snart slutt - del 2...
Ein ting må ein vist lære seg når ein held på med restaurering av gamle hus - ein må ALDRI tru at ting er så enkelt og greit som det fyrst kan sjå ut til - bak ein toleg fin fasade kan det gøyme seg utruleg mykje råte... Det har min stakkar byggherre fått erfare, nok ein gong... Det som skulle bli siste og avsluttande del på takprosjektet blei vist noko meir... Her også må HEILE veggen rivast og byggast opp på nytt! Med andre ord det er IKKJE snart slutt på takprosjektet! Me hadde faktisk håpa å kunne feire at take var ferdig i desse dagar, men i staden må me regne med at ein ny månad går med til å få taket ferdig... Utruleg kjedelegt når ein hadde sett føre seg noko ana...

På bilde over står min kjære far og betraktar elendigheten...-då såg det ikkje så altfor gale ut,det skulle vise seg å bli mykje verre enn detta...


Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar