Viser innlegg med etiketten Ideebank.... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ideebank.... Vis alle innlegg

fredag 1. april 2011

Draume kjøkken...



Tidlegare denne månaden datt 2 utgåve av mitt yndlingsblad ned i postkassa mi. Vakre hjem og interiør har blitt ein viktig del i oppussingsplanlegginga, og eg les side opp og side ned, eg blir aldri lei. Eg finn stadig eit eller ana i dette bladet som eg tenkjer kan passe på Nesmark. Denne utgåva var intet unntak! Denne gonga fann eg draume kjøkknet mitt, iallefall nesten....

Kjøkknet de ser på framsida av bladet er frå Svenske Kvanum ( a'en skal egentleg ha to prikkar over seg, men dette er litt meir en kva eg kan klare å få til på tastaturet, så det får bli uten...), kjøkknet er av typen Tradisjon og du finn mange ulike typer på sida til Kvanum. Eg er ikkje heilt overbegeistra for glasrutene med krysssprosser så eg sjekka sidene til Kvanum i håp om å finne noko som passa meg litt bedre, å sjå kva eg fann....


...mitt draume kjøkken! Ikkje overbegeistra for fargen, men det er ein smal sak å få fargen ein ynskjer seg (...skal godt gjerast å gjere meg til lags)... Noko eg er overbegeistra over er den er utruleg flotte benkplata, slik ynskjer eg meg også...


lørdag 12. februar 2011

Litt nytt i ideebanken!

Det er med golv som med tapet - eit HAV av ulike typer å velge i! Jammen godt me har god tid, for det kan ta tid å få bestemt seg... Her er litt av det me (eg...) "vaklar" i mellom...











Bilda er henta frå www.gulvspesialsiten.no

Er så usikker på om me skal velge mørkt eller ljost golv... Har lenge vore ganske sikkre på at "me" (eg iallefall..) ville ha mørkt, men så kom eg over dessa bilda her...-så var eg plutseleg litt usikker at... Likar veeeeldig godt golvet på det siste bilde i innlegget...

søndag 12. desember 2010

Hei igjen! + Litt om tapet...

Sjølv om det er "pause" i arbeidet på Nesmark for augeblikket,betyr det ikkje at me har teke pause frå "tankevirksomheten" rundt prosjektet Nesmark! Det "surrar" og "gjæng" dagen lang, iallefall inne i mitt hovud! ;-) Det har seg slik at eg til stadighet ser, på ulike bloggar eller i interiørblad,ting, orginale løysningar og ana interiør/eksteriør som eg syns er fint. Så fint at eg har lyst på det sjølv... Problemet er at eg etter ei tid gløymer hør eg har sett dei ulike tinga eg likar veldig godt... Tanken om å "samle" på idear inne på bloggen syns eg ikkje var så dom så nå vil det bli litt meir enn bare ein "restaureringsblogg" det vil bli min lille ideebank også!

om dagen går eg rundt og drøymer om tapetar! Det ser ut til at me har falt på valget om å bruke tapet i stogene, dette fordi det tidlegare har vore tapet der, og rett og slett fordi det er kjempe fint! Så då kan ein så smått bjønde å sjå seg om etter "drømme" tapeten... Men du verden for eit "hav" med tapetar det finnes! Korleis skal me klare å bestemme oss...
Stogene som skal tapetserast...






...eit lite utvalg av tapetar eg meiner kan vere aktuelle...


Bilda er henta frå http://www.cole-and-son.com/home.asp.

Det er dei einsfarga og svakt mønstrete tapetane som er aktuelle,likar spesiellt godt den grå med svake striper (øverste bilde, nederst til venstre), men kanskje i ein ljosare farge... Den ljose med svakt kvitt mønster er også fin (nederste bilde,nederst til høgre)...