lørdag 16. juli 2011

Endeleg ferdig med lektinga!

Me kan mest ikkje tru det er sant! Men i dag, 16.juli var Byggherren ferdig med å lekte taket på Nesmark! Endeleg var værgudane på vår side + at det er to som skal ha ein STOR takk! Min pappa og Byggherrens svigerfar Rolf, og Olav, bror av Byggherren har gjort ein uvurderleg jobb på taket sammen med Byggherren! Uten hjelp frå dei ville nok ikkje taket vore ferdig lekta i dag... mange 1000 takk til dykken båe to!

Taket er langt i frå ferdig, men det som er at nå er "små" ting i forhold! Legging av skifer er forsåvidt ikkje ein liten jobb det heller, men den skal jau andre gjere ;-) Nå tek derfor Byggherren seg ein velfortjent ferie! I morgo pakkar fam. Gaastjønn "bæggen" og reiser til Stavern. Der skal me vere ca. ei veke! :-)

Etter ferien skal Byggherren til med nye spir og vindskibord! 
Me gledar økken! ;-) 



onsdag 6. juli 2011

Endeleg tid for lekting!

Etter ein lang og regnfull junimånad har endeleg taket blitt rett og tett atte! Det vil sei den delen som Byggherren måtte ta på nytt! Nå har Byggherren sett i gang med å lekte, og nå ser me endeleg ein ende på takprosjektet! :-)


Valg av type tak er også tatt. Etter å ha grubbla og lura i ei god stund nå har valget falt på Alta skifer, type firkantstein i str 18"x18" (47cm x 47cm). Gurimalla som me gledar oss til å sjå det endelege resultatet! 

Må også nemne at me tidlegare i sommar brått og uventa fekk 5 nye familiemedlemmar. I uthuset på Nesmark hadde ei av "Verkets kjetter" ordna seg eit lite rede i ei gamal basskasse, og den 6.juni oppdaga Byggherren 5 søte, små  kattungar inne i basskassa si! Me hoppa ikkje i taket av glede akkurat, snarare tvert imot... Ikkje missforstå meg, kattar er super snåle dyr og me har hatt ein plan om å skaffe oss katt når me ein gong er klare til å flytte inn på Nesmark, men ikkje nå og ikkje 5! Men på mirakuløst vis har me klara og fått gjedd bort 3! 2 har teke turen til Kvipt og 1 har flytta til Dalen til bror av Byggherren og hans familie, og dei 2 som då var att har flytta inn til oss på Gaastjønn! ;-) 


På bilde over ser de tre av kattungane, den gråspraglete er ein av to som reiste til Kvipt, den svarte i midten har reist til Dalen og den andre svarte katten har flytta inn til oss. På bilde under ser de den andre katten som har flytta inn til oss på Gaastjønn... Litt strevsamt er det jau, men det er jammen snålt også! ;-)