mandag 31. mai 2010

Ikkje alt dreiar seg om Nesmark...

Det skjer viktigare ting en restaurering om dagen. Magen til Monica veks seg større og større for kvar veke som går. Rettare sagt "mini'n" i magen til Monica veks seg større og større for kvar veke som går! Det er ikkje så lite som skal ordnast før den store dagen 10.juli, så ein ettermiddag i mai susa Monica til Bø for å hente sitt fyrste finn.no "kupp"! Eit gamalt brunt skatoll som, etter litt pussing og måling, har blitt eit kvitt og fint stellebord... På bilde kan det sjå lite ut, men saken er den at det er heilt perfekt! Det er akkurat så jupt som eg vil ha det og akkurat så breit som eg vil ha det! Det har nemmeleg vist seg å vere vrient å finne eit stellebord som er jupt nok...Dei som er jupe nok, er for breie og får ikkje plass inne på badet vårt...Men det gjer dette! Det manglar litt detaljar endå, men det kjem!

Før...


Etter...












"Litt" ekstra arbeid...

...blei det når det viste seg at heile verandan måtte fornyast... Muren under verandan hadde sigi ganske mykje, og for at resten av "byggverket" skulle bli bra måtte byggherren gå grundig til verks. Gunnar Dahle med gravemaskina si blei bestillt, og den gamle muren blei fjerna og ny steinmasse blei fylt på for å gje eit godt grunnlag til den nye muren. Og nå er det klart for muring.

lørdag 22. mai 2010

OBS!

Eg må rette opp i ein liten feil! Eg har kome til å kalle kameraten til Gjermund for Knut Einar, dette er sjølvsagt ikkje rett - det skal vere Tor Einar! Er litt "tåkete" i toppen for tida...

...sidan eg fyrst er i gang...











...kan eg jau like godt fortsette! Som sagt er eine delen av taket ferdig. Byggherren har tatt til på neste del. Ein del som ganske sjølvsagt har bydd på mange utfordringar! Taket på denne delen er svært bratt, og det viser seg å vere veeeeldig mykje råte...

Fremdeles litt vanskar med blogging...

Bilda i forrige innlegg kom i feil rekkefølge... Litt tull med avstandar mellom tekst og bilder har det og blitt... Gidd ikkje endre noko så det får vere som det er!

Ting tek tid...
















Det gjeng sakte, men sikkert framyvi. Me (dvs Gjermund...) held fremdeles på med taket, eit prosjekt som me sannsynlegvis vil halde på med heile sommaren. Men nå er iallefall ein liten del av taket ferdig. Burtsett frå "topplaget" (som mest sannsynleg blir skifer, om ikkje planane endrar seg i løpet av sommaren...) det kjem fyrst på når heile taket er ferdig. Ting tek tid, særleg når ein steller opp gamalt, det dukkar stadig opp nye utfordringar, både små og store...-til byggherrens store fortvilelse... Ikkje alltid like lett å sjå framover... Men utfordringar er til for å løysast, og som oftast går det veldig bra! Det må også nemnast at me får mykje hjelp, pappa Rolf (min pappa), mor og far (til Gjermund) og Knut og Einar (Gjermunds brødre) har vore til stor hjelp. Knut Einar (kammerat av Gjermund) var med nokre dagar heilt i starten, men vart sjuk,og har sidan ikkje hatt anledning til å vere med... Eg har ikkje oversikt over alle byggetekninske detaljar som er gjort, men me har teke masse bilder. Desse fortel litt om kva som har skjedd sidan sist.