fredag 1. april 2011
Draume kjøkken...
Tidlegare denne månaden datt 2 utgåve av mitt yndlingsblad ned i postkassa mi. Vakre hjem og interiør har blitt ein viktig del i oppussingsplanlegginga, og eg les side opp og side ned, eg blir aldri lei. Eg finn stadig eit eller ana i dette bladet som eg tenkjer kan passe på Nesmark. Denne utgåva var intet unntak! Denne gonga fann eg draume kjøkknet mitt, iallefall nesten....
Kjøkknet de ser på framsida av bladet er frå Svenske Kvanum ( a'en skal egentleg ha to prikkar over seg, men dette er litt meir en kva eg kan klare å få til på tastaturet, så det får bli uten...), kjøkknet er av typen Tradisjon og du finn mange ulike typer på sida til Kvanum. Eg er ikkje heilt overbegeistra for glasrutene med krysssprosser så eg sjekka sidene til Kvanum i håp om å finne noko som passa meg litt bedre, å sjå kva eg fann....
...mitt draume kjøkken! Ikkje overbegeistra for fargen, men det er ein smal sak å få fargen ein ynskjer seg (...skal godt gjerast å gjere meg til lags)... Noko eg er overbegeistra over er den er utruleg flotte benkplata, slik ynskjer eg meg også...
Abonner på:
Innlegg (Atom)



