onsdag 6. juni 2012

Så var det på'n igjen

Byggherren har tatt fatt på denne sommarens fyrste utfordring - påbygg! Det skal byggast eit påbygg på nordvestenden av huset, der vil det bli nytt inngangsparti, gang og bad. Eg veit lite om størrelsar, så nøyaktig størrelse veit eg ikkje. Det eg veit er at det ikkje blir så stort, men det blir stort nok, og viktigast av alt - det vil passe fint til det gamle huset.

Så langt er arbeidet med graving, forskaling, støyping av grunnmur gjort, også har han fylt opp med grus/ sand. Nå er det klart til rørleggar og vidare støyping av plate. Byggherren har hatt god hjelp i Gunnar med gravemaskina, og Byggherrens trufaste svigerfar har hjulpe til med støyping. Byggherren syns arbeidet går bra så langt, og eg trur han kosar seg (om eg kan ordlegge meg slik) med å bygge nytt og å kunne vera på bakkenivå! *smiler*













lørdag 22. oktober 2011

8. Oktober 2011...

...var endeleg taket heilt ferdig! Etter mange, lange og tunge timar... Nye spir, takrenner, mønebeslag og pipebeslag er på plass. Nå har byggherren "pakka" sammen før vinteren kjem, og nå skal me bruke resten av hausten og vetteren på å planlegge det vidare arbeidet. Det er mykje å grubble på, for til våren er det tid for ny kledning, nytt påbygg og nye, eller nygamle, vindauge! Me gledar økken!



Dette er faktisk siste innlegget som har etikketten Tak... 
Nesten litt rart å tenkje på... Men du verden så godt! 
 

torsdag 15. september 2011

Taket er ferdig!!

...iallefall nesten. Kun isborbeslag, spir og mønebeslag manglar, men skiferen er lagt! Og du verden så fint det har blitt! Eg og byggherren svevar rundt med eit bredt glis om munnen, me er så utruleg fornøgde med resultatet. Det blei mange gonger finare enn me hadde drøymt om! Byggherren fekk endeleg betalt (godt) for alt strevet han har hatt med dette taket. Å få taket ferdig har også ført til at motivasjonen til å fortsette arbeidet har nådd uante grenser! Nå kan me nesten ikkje vente med å fortsette på arbeidet som gjenstår! :-)
                                               



Litt dårleg kvalitet på bilda...


  

tirsdag 13. september 2011

Endeleg!

...er arbeidet med å legge skiferen i gang! Utruleg, men sant! Me er heilt i 100 både eg og byggherren, kan mest ikkje vente med å få sjå det ferdige resultatet!


lørdag 10. september 2011

...og så var blikkenslagaren ferdig!

Då er endeleg blikkenslagaren ferdig med å montere takrenner og gradrenner på Nesmark. Det er ei stund sida, faktisk, men eg er litt treg med å oppdatere bloggen... Det var stor stas å sjå at takrenner og gradrenner endeleg var på plass, og sånn heilt plutseleg gjekk det opp for oss at taket faktisk snart er ferdig! Byggherren er svært fornøgd, og ikkje minst letta. Dette taket har ikkje vore særleg "samarbeidsvillig" om ein kan kalle det! ;-)
Ei STOR bekymring dett sakte, men sikkert av byggherrens skuldrar...

Må kanskje vere litt forsiktig med kva eg skriv nå...-steinen er jau ikkje lagt endå... sagt med med andre ord: mykje kan endå gå gale... Me held nemmeleg på og spøkjer om at avstanden mellom lektene er for liten eller for stor, og at dette vil føre til at steinen ikkje kan leggjast i haust alikavell... ;-) La oss håpe at spøk ikkje blir til alvor, for på måndag skal arbeide med å legge skiferen starte!




Den lille detaljen som syns på takrenna i forrige innlegg skulle eigentleg ha vore på våre takrenner også, men det er det ikkje... Kvifor me ikkje fekk dette er usikkert, byggherren trur kanskje at det kan ha med leverandøren av takrennene å gjere... Dette syns eg var litt skuffande med ein gong, men eg skjønnar jau at dei ikkje kunne lage nye bare på grunn av meg og mine sære ynskjer. Når alt kjem til alt spelar det jau ingen rolle heller, for ingen ville ha sett desse detaljane uannsett, fordi dei er ca. "bitte små" og takrennene heng veeeldig høgt oppe...





søndag 21. august 2011

Nå kjem blikkenslagaren!

Byggherren og eg kan mest ikkje tru det er sant! Men det er det! :-) Nå er nye spir (dvs delar av dei), vindskibord og pannebord på plass, og i morgo kjem blikkenslagaren frå Kviteseid for å få på plass gradrenner og takrenner. Det skal bli så moro!

Me har valgt takrenner i sink. Mest av alt fordi me syns det er veldig fint, og me er sikre på at Nesmark vil kle desse svært godt! Pluss at sinkrenner er svært holdbare.

Bildet er henta her

tirsdag 2. august 2011

Nye spir!

Det nærmar seg tida for legging av skifer og derfor må nye spir, vindskibord, pannebord, takrenner +++ vere "klappet og klart"! Me held på med litt av kvart med andre ord. Legg også merke til ME, nå har endeleg eg fått anledningen til å bidra med noko! :-) Byggherren er i gang med å lage nye spir, det er ein krevande jobb, men trur faktisk at han syns det er litt artigt også! Eg held på med grunning og måling av vindskibord og pannebord. Må også nemne at me har fått mykje hjelp av byggherrens mor og min svigermor til grunning og måling tidlegare i prosessen, og ho har nok ikkje måla siste strøket endå heller! He he... ;-)