søndag 12. desember 2010

Hei igjen! + Litt om tapet...

Sjølv om det er "pause" i arbeidet på Nesmark for augeblikket,betyr det ikkje at me har teke pause frå "tankevirksomheten" rundt prosjektet Nesmark! Det "surrar" og "gjæng" dagen lang, iallefall inne i mitt hovud! ;-) Det har seg slik at eg til stadighet ser, på ulike bloggar eller i interiørblad,ting, orginale løysningar og ana interiør/eksteriør som eg syns er fint. Så fint at eg har lyst på det sjølv... Problemet er at eg etter ei tid gløymer hør eg har sett dei ulike tinga eg likar veldig godt... Tanken om å "samle" på idear inne på bloggen syns eg ikkje var så dom så nå vil det bli litt meir enn bare ein "restaureringsblogg" det vil bli min lille ideebank også!

om dagen går eg rundt og drøymer om tapetar! Det ser ut til at me har falt på valget om å bruke tapet i stogene, dette fordi det tidlegare har vore tapet der, og rett og slett fordi det er kjempe fint! Så då kan ein så smått bjønde å sjå seg om etter "drømme" tapeten... Men du verden for eit "hav" med tapetar det finnes! Korleis skal me klare å bestemme oss...
Stogene som skal tapetserast...






...eit lite utvalg av tapetar eg meiner kan vere aktuelle...


Bilda er henta frå http://www.cole-and-son.com/home.asp.

Det er dei einsfarga og svakt mønstrete tapetane som er aktuelle,likar spesiellt godt den grå med svake striper (øverste bilde, nederst til venstre), men kanskje i ein ljosare farge... Den ljose med svakt kvitt mønster er også fin (nederste bilde,nederst til høgre)...