mandag 16. august 2010

1000 takk...

...Nina for koseleg kommentar på siste innlegget! Eg har redigert litt i innlegga mine og då forsvann kommentaren din... Men eg fekk lest den før den "forsvann"... :) Eg er forresten ivrig lesar av bloggen din! Det er kjempe moro å kunne følge med på det som skjer! Det er forresten ein fantastisk plass de har! For andre som ikkje har sett det ta ein titt på http://ninamidtgarden.blogspot.com/ :)

Når regnet kjem...

Soverom/kontor i 2.etasje før riving...






Etter riving...











Bilda de ser under er før rivinga, det skal bli som det var før, spisekrok og vaskerom, men med litt forbedringar... :) Gledar meg til frukosten kan nytast i denne spisekroken... Mmmm... :)





Som de ser er me ikkje arbeidsledige fordi om regnet kjem! Nokon er heldige og finn flotte skattar , og bortgjømte pengar i veggane sine, det gjorde ikkje me! Etter å ha rive nokre veggar i eit lite kott i 2.etasje oppdaga byggherren til sin store fortvilelse at store delar av ytterveggen var heilt roten, tømmra var rett og slett vekk (ikkje smuldra opp altså, men fjerna ein gong i fjærn fortid)... Dette betyr meir arbeid enn me fyrst hadde venta... Heile veggen må ned! Dette hadde ikkje vore så ille dersom byggherren hadde oppdaga det FØR taket blei stelt...-nå må ein "hjelpevegg" halde taket oppe mens byggherren steller veggen, ikkje eit umoglegt prosjekt, men det tek sjølvsagt lengere tid en det som fyrst var planlagt. Golvet i 2. etasjen måtte også bytast ut, og når alt var rive såg det, som bilda viser, ganske "stusslegt" ut...





Snart slutt...






...på takprosjektet! "Del 3" er endeleg ferdig oppretta og dekt med papp! Byggherren ser ein ende på det som har vore eit tidkrevande og til tider ganske frustrerande prosjekt! :) Nå må me bare håpe at det blir mykje fint væir dei neste vekene slik at 4. og siste del av taket kan gjerast ferdig...






Her er 3. delen av taket nesten ferdig,manglar bare litt papp!



tirsdag 3. august 2010

På tide med litt oppdatering...

Då var endå ein del av taket ferdig, endeleg (!!!), "topp" laget manglar, men det kjem fyrst på seinare. Denne delen av taket viste seg å bli litt meir omfattande enn byggherren fyst hadde regna med... Mykje røte, så og sei alt, måtte fjernast og bytast ut... Men det blei nå veldig bra til slutt...























mandag 31. mai 2010

Ikkje alt dreiar seg om Nesmark...

Det skjer viktigare ting en restaurering om dagen. Magen til Monica veks seg større og større for kvar veke som går. Rettare sagt "mini'n" i magen til Monica veks seg større og større for kvar veke som går! Det er ikkje så lite som skal ordnast før den store dagen 10.juli, så ein ettermiddag i mai susa Monica til Bø for å hente sitt fyrste finn.no "kupp"! Eit gamalt brunt skatoll som, etter litt pussing og måling, har blitt eit kvitt og fint stellebord... På bilde kan det sjå lite ut, men saken er den at det er heilt perfekt! Det er akkurat så jupt som eg vil ha det og akkurat så breit som eg vil ha det! Det har nemmeleg vist seg å vere vrient å finne eit stellebord som er jupt nok...Dei som er jupe nok, er for breie og får ikkje plass inne på badet vårt...Men det gjer dette! Det manglar litt detaljar endå, men det kjem!

Før...