Etter riving...
Bilda de ser under er før rivinga, det skal bli som det var før, spisekrok og vaskerom, men med litt forbedringar... :) Gledar meg til frukosten kan nytast i denne spisekroken... Mmmm... :)
Som de ser er me ikkje arbeidsledige fordi om regnet kjem! Nokon er heldige og finn flotte skattar , og bortgjømte pengar i veggane sine, det gjorde ikkje me! Etter å ha rive nokre veggar i eit lite kott i 2.etasje oppdaga byggherren til sin store fortvilelse at store delar av ytterveggen var heilt roten, tømmra var rett og slett vekk (ikkje smuldra opp altså, men fjerna ein gong i fjærn fortid)... Dette betyr meir arbeid enn me fyrst hadde venta... Heile veggen må ned! Dette hadde ikkje vore så ille dersom byggherren hadde oppdaga det FØR taket blei stelt...-nå må ein "hjelpevegg" halde taket oppe mens byggherren steller veggen, ikkje eit umoglegt prosjekt, men det tek sjølvsagt lengere tid en det som fyrst var planlagt. Golvet i 2. etasjen måtte også bytast ut, og når alt var rive såg det, som bilda viser, ganske "stusslegt" ut...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar