Etter ein lang og regnfull junimånad har endeleg taket blitt rett og tett atte! Det vil sei den delen som Byggherren måtte ta på nytt! Nå har Byggherren sett i gang med å lekte, og nå ser me endeleg ein ende på takprosjektet! :-)
Valg av type tak er også tatt. Etter å ha grubbla og lura i ei god stund nå har valget falt på Alta skifer, type firkantstein i str 18"x18" (47cm x 47cm). Gurimalla som me gledar oss til å sjå det endelege resultatet!
Må også nemne at me tidlegare i sommar brått og uventa fekk 5 nye familiemedlemmar. I uthuset på Nesmark hadde ei av "Verkets kjetter" ordna seg eit lite rede i ei gamal basskasse, og den 6.juni oppdaga Byggherren 5 søte, små kattungar inne i basskassa si! Me hoppa ikkje i taket av glede akkurat, snarare tvert imot... Ikkje missforstå meg, kattar er super snåle dyr og me har hatt ein plan om å skaffe oss katt når me ein gong er klare til å flytte inn på Nesmark, men ikkje nå og ikkje 5! Men på mirakuløst vis har me klara og fått gjedd bort 3! 2 har teke turen til Kvipt og 1 har flytta til Dalen til bror av Byggherren og hans familie, og dei 2 som då var att har flytta inn til oss på Gaastjønn! ;-)

På bilde over ser de tre av kattungane, den gråspraglete er ein av to som reiste til Kvipt, den svarte i midten har reist til Dalen og den andre svarte katten har flytta inn til oss. På bilde under ser de den andre katten som har flytta inn til oss på Gaastjønn... Litt strevsamt er det jau, men det er jammen snålt også! ;-)