lørdag 22. mai 2010
Fremdeles litt vanskar med blogging...
Bilda i forrige innlegg kom i feil rekkefølge... Litt tull med avstandar mellom tekst og bilder har det og blitt... Gidd ikkje endre noko så det får vere som det er!
Ting tek tid...





Det gjeng sakte, men sikkert framyvi. Me (dvs Gjermund...) held fremdeles på med taket, eit prosjekt som me sannsynlegvis vil halde på med heile sommaren. Men nå er iallefall ein liten del av taket ferdig. Burtsett frå "topplaget" (som mest sannsynleg blir skifer, om ikkje planane endrar seg i løpet av sommaren...) det kjem fyrst på når heile taket er ferdig. Ting tek tid, særleg når ein steller opp gamalt, det dukkar stadig opp nye utfordringar, både små og store...-til byggherrens store fortvilelse... Ikkje alltid like lett å sjå framover... Men utfordringar er til for å løysast, og som oftast går det veldig bra! Det må også nemnast at me får mykje hjelp, pappa Rolf (min pappa), mor og far (til Gjermund) og Knut og Einar (Gjermunds brødre) har vore til stor hjelp. Knut Einar (kammerat av Gjermund) var med nokre dagar heilt i starten, men vart sjuk,og har sidan ikkje hatt anledning til å vere med... Eg har ikkje oversikt over alle byggetekninske detaljar som er gjort, men me har teke masse bilder. Desse fortel litt om kva som har skjedd sidan sist.
onsdag 21. april 2010
Litt meir tak... Det vil nok bli mykje "takprat" på bloggen i tida som kjem. Sikkert ikkje like interesant for alle, men denne bloggen skal på ein måte fungere som ei "restaureringsdagbok" for Gjermund og meg, bloggen vil med andre ord innehalde mykje som kanskje ikkje er like spennande for andre å lese... Pga vanskar med opplastinga av bilder i går gjer eg ein ny innsats for å få lagt inn det som var ynskje...
Frustrasjon!
Det var ikkje bare lett å kome i gang med bloggen. Eg bruka ganske mange timar på å klare å forstå korleis eg skulle laste opp bilder frå egen pc...-opplastinga var i og for seg ikkje så vanskeleg, men å få bilda i rett format var ganske mykje værre! Men eg lykkast til slutt!
tirsdag 20. april 2010
Nytt tak...
Endeleg i gang...
Då var me endeleg i gang med restaureringa av Nesmark igjen. Etter ei lita pause i restaureringsarbeidet har arbeidslysten vakna til live at, og den stolte eigar har bretta opp skjurtearmane og teke hamaren fatt! Noko er gjort, men mykje må gjerast...
Abonner på:
Innlegg (Atom)