Då er endeleg blikkenslagaren ferdig med å montere takrenner og gradrenner på Nesmark. Det er ei stund sida, faktisk, men eg er litt treg med å oppdatere bloggen... Det var stor stas å sjå at takrenner og gradrenner endeleg var på plass, og sånn heilt plutseleg gjekk det opp for oss at taket faktisk snart er ferdig! Byggherren er svært fornøgd, og ikkje minst letta. Dette taket har ikkje vore særleg "samarbeidsvillig" om ein kan kalle det! ;-)
Ei STOR bekymring dett sakte, men sikkert av byggherrens skuldrar...
Må kanskje vere litt forsiktig med kva eg skriv nå...-steinen er jau ikkje lagt endå... sagt med med andre ord: mykje kan endå gå gale... Me held nemmeleg på og spøkjer om at avstanden mellom lektene er for liten eller for stor, og at dette vil føre til at steinen ikkje kan leggjast i haust alikavell... ;-) La oss håpe at spøk ikkje blir til alvor, for på måndag skal arbeide med å legge skiferen starte!
Den lille detaljen som syns på takrenna i forrige innlegg skulle eigentleg ha vore på våre takrenner også, men det er det ikkje... Kvifor me ikkje fekk dette er usikkert, byggherren trur kanskje at det kan ha med leverandøren av takrennene å gjere... Dette syns eg var litt skuffande med ein gong, men eg skjønnar jau at dei ikkje kunne lage nye bare på grunn av meg og mine sære ynskjer. Når alt kjem til alt spelar det jau ingen rolle heller, for ingen ville ha sett desse detaljane uannsett, fordi dei er ca.
"bitte små" og takrennene heng veeeldig høgt oppe...