lørdag 10. september 2011

...og så var blikkenslagaren ferdig!

Då er endeleg blikkenslagaren ferdig med å montere takrenner og gradrenner på Nesmark. Det er ei stund sida, faktisk, men eg er litt treg med å oppdatere bloggen... Det var stor stas å sjå at takrenner og gradrenner endeleg var på plass, og sånn heilt plutseleg gjekk det opp for oss at taket faktisk snart er ferdig! Byggherren er svært fornøgd, og ikkje minst letta. Dette taket har ikkje vore særleg "samarbeidsvillig" om ein kan kalle det! ;-)
Ei STOR bekymring dett sakte, men sikkert av byggherrens skuldrar...

Må kanskje vere litt forsiktig med kva eg skriv nå...-steinen er jau ikkje lagt endå... sagt med med andre ord: mykje kan endå gå gale... Me held nemmeleg på og spøkjer om at avstanden mellom lektene er for liten eller for stor, og at dette vil føre til at steinen ikkje kan leggjast i haust alikavell... ;-) La oss håpe at spøk ikkje blir til alvor, for på måndag skal arbeide med å legge skiferen starte!




Den lille detaljen som syns på takrenna i forrige innlegg skulle eigentleg ha vore på våre takrenner også, men det er det ikkje... Kvifor me ikkje fekk dette er usikkert, byggherren trur kanskje at det kan ha med leverandøren av takrennene å gjere... Dette syns eg var litt skuffande med ein gong, men eg skjønnar jau at dei ikkje kunne lage nye bare på grunn av meg og mine sære ynskjer. Når alt kjem til alt spelar det jau ingen rolle heller, for ingen ville ha sett desse detaljane uannsett, fordi dei er ca. "bitte små" og takrennene heng veeeldig høgt oppe...





søndag 21. august 2011

Nå kjem blikkenslagaren!

Byggherren og eg kan mest ikkje tru det er sant! Men det er det! :-) Nå er nye spir (dvs delar av dei), vindskibord og pannebord på plass, og i morgo kjem blikkenslagaren frå Kviteseid for å få på plass gradrenner og takrenner. Det skal bli så moro!

Me har valgt takrenner i sink. Mest av alt fordi me syns det er veldig fint, og me er sikre på at Nesmark vil kle desse svært godt! Pluss at sinkrenner er svært holdbare.

Bildet er henta her

tirsdag 2. august 2011

Nye spir!

Det nærmar seg tida for legging av skifer og derfor må nye spir, vindskibord, pannebord, takrenner +++ vere "klappet og klart"! Me held på med litt av kvart med andre ord. Legg også merke til ME, nå har endeleg eg fått anledningen til å bidra med noko! :-) Byggherren er i gang med å lage nye spir, det er ein krevande jobb, men trur faktisk at han syns det er litt artigt også! Eg held på med grunning og måling av vindskibord og pannebord. Må også nemne at me har fått mykje hjelp av byggherrens mor og min svigermor til grunning og måling tidlegare i prosessen, og ho har nok ikkje måla siste strøket endå heller! He he... ;-)




lørdag 16. juli 2011

Endeleg ferdig med lektinga!

Me kan mest ikkje tru det er sant! Men i dag, 16.juli var Byggherren ferdig med å lekte taket på Nesmark! Endeleg var værgudane på vår side + at det er to som skal ha ein STOR takk! Min pappa og Byggherrens svigerfar Rolf, og Olav, bror av Byggherren har gjort ein uvurderleg jobb på taket sammen med Byggherren! Uten hjelp frå dei ville nok ikkje taket vore ferdig lekta i dag... mange 1000 takk til dykken båe to!

Taket er langt i frå ferdig, men det som er at nå er "små" ting i forhold! Legging av skifer er forsåvidt ikkje ein liten jobb det heller, men den skal jau andre gjere ;-) Nå tek derfor Byggherren seg ein velfortjent ferie! I morgo pakkar fam. Gaastjønn "bæggen" og reiser til Stavern. Der skal me vere ca. ei veke! :-)

Etter ferien skal Byggherren til med nye spir og vindskibord! 
Me gledar økken! ;-) 



onsdag 6. juli 2011

Endeleg tid for lekting!

Etter ein lang og regnfull junimånad har endeleg taket blitt rett og tett atte! Det vil sei den delen som Byggherren måtte ta på nytt! Nå har Byggherren sett i gang med å lekte, og nå ser me endeleg ein ende på takprosjektet! :-)


Valg av type tak er også tatt. Etter å ha grubbla og lura i ei god stund nå har valget falt på Alta skifer, type firkantstein i str 18"x18" (47cm x 47cm). Gurimalla som me gledar oss til å sjå det endelege resultatet! 

Må også nemne at me tidlegare i sommar brått og uventa fekk 5 nye familiemedlemmar. I uthuset på Nesmark hadde ei av "Verkets kjetter" ordna seg eit lite rede i ei gamal basskasse, og den 6.juni oppdaga Byggherren 5 søte, små  kattungar inne i basskassa si! Me hoppa ikkje i taket av glede akkurat, snarare tvert imot... Ikkje missforstå meg, kattar er super snåle dyr og me har hatt ein plan om å skaffe oss katt når me ein gong er klare til å flytte inn på Nesmark, men ikkje nå og ikkje 5! Men på mirakuløst vis har me klara og fått gjedd bort 3! 2 har teke turen til Kvipt og 1 har flytta til Dalen til bror av Byggherren og hans familie, og dei 2 som då var att har flytta inn til oss på Gaastjønn! ;-) 


På bilde over ser de tre av kattungane, den gråspraglete er ein av to som reiste til Kvipt, den svarte i midten har reist til Dalen og den andre svarte katten har flytta inn til oss. På bilde under ser de den andre katten som har flytta inn til oss på Gaastjønn... Litt strevsamt er det jau, men det er jammen snålt også! ;-) 

lørdag 18. juni 2011

Oppdatering...

Kva er ein blogg? Eg av alle burde vite det, som dette studieåret har tatt 30 stp i IKT i læring... Vel, i følge boka didIKTikk er ein blogg "ei oppdatert internettside"... -og mykje kan dermed tyde på at eg har gått glipp av noko vesentleg i undervisninga...

Så nå når eg har fått klarhet i kva ein blogg er er det på tide med ei oppdatering!

Så langt er det få synlege endringar som har skjedd på Nesmark. Planen var jau å gjere taket klart til legging av takstein eller evt skifer, men den planen skar seg... Det viste seg at det hadde sige voldsomt på den eine delen av taket, den delen som vart fyrst ferdig i fjor sommar, og taket var med andre ord ikkje rett på den delen lenger. Så då var det bare å rive på nytt! Dette var ikkje moro, og byggherren hadde mange "stygge" tankar om kva han ville gjere med dette grusome huset, men heldigvis har ingen grusom hending funne stad, og det har vist seg at ingenting er så ille at det ikkje er godt for noko. Denne delen av take var nemmeleg den einaste som det ikkje vart lagt nye sperrer på i fjor, noko som har plaga byggherren "litt", og nå fekk han jau retta opp i dette! ;-) Arken som stend på denne delen av taket blir og heilt ny nå, noko me også er veldig glad for. Så alt i alt var ikkje denne "uheldige" situasjonen så uheldig alikavell! Det einaste uheldige med dette er at ca 1 mnd har gått med til dette arbeidet, det dårlege og ustabile været har ikkje gjort ting enklare, men kven sa at me ønska å ha det enkelt då!?

Sommaren 2010...
                                             
Sommaren 2011...
                                           

fredag 1. april 2011

Draume kjøkken...



Tidlegare denne månaden datt 2 utgåve av mitt yndlingsblad ned i postkassa mi. Vakre hjem og interiør har blitt ein viktig del i oppussingsplanlegginga, og eg les side opp og side ned, eg blir aldri lei. Eg finn stadig eit eller ana i dette bladet som eg tenkjer kan passe på Nesmark. Denne utgåva var intet unntak! Denne gonga fann eg draume kjøkknet mitt, iallefall nesten....

Kjøkknet de ser på framsida av bladet er frå Svenske Kvanum ( a'en skal egentleg ha to prikkar over seg, men dette er litt meir en kva eg kan klare å få til på tastaturet, så det får bli uten...), kjøkknet er av typen Tradisjon og du finn mange ulike typer på sida til Kvanum. Eg er ikkje heilt overbegeistra for glasrutene med krysssprosser så eg sjekka sidene til Kvanum i håp om å finne noko som passa meg litt bedre, å sjå kva eg fann....


...mitt draume kjøkken! Ikkje overbegeistra for fargen, men det er ein smal sak å få fargen ein ynskjer seg (...skal godt gjerast å gjere meg til lags)... Noko eg er overbegeistra over er den er utruleg flotte benkplata, slik ynskjer eg meg også...